Prisar for skulefritidsordning (SFO)

Gjeld frå 01.01.2020

Betalingssatsar skulefritidsordning (SFO)
Opphaldstid Pris Pr
18 t/v og over det kr 2540 månad
12-17,9 t/v kr 1980 månad
6-11,9 t/v kr 1350 månad
Under 6 t/v kr 710 månad
I skuleferien kr 760 veke
Enkeltdagar kr 400 gong
Enkelttimar kr 101 time

Nytt frå 01.08.2020: 

Du kan no få reduksjon i foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt for elevar på 1. og 2. trinn. For å få redusert foreldrebetaling må du sende inn søknad. 

  • Ingen familiar skal måtte betale meir enn 6% av den totale årsinntekta for ein SFO-plass for elevar på 1. og 2. trinn.
  • Prisen for ein heil plass i SFO er kr. 2540,- frå 01.01.2020.
  • Dersom ein familie har samla årsinntekt under kr. 465.666 har ein krav på reduksjon i betaling.
  • Det må søkjast for eitt skuleår om gongen.
  • Det skal betalast for 11 månader pr. år (juli er betalingsfri månad). 
  • Søknadsfrist for å få reduksjon for skuleåret 2020/2021 er 31. august
  • For søknader som er motteke etter 31. august blir vedtaket gjeldande frå den 1. i påfølgande månad

.Søknadsskjema blir snart tilgjengeleg her

  1. Det blir gitt søskenmoderasjon med 30% for søsken nr. 2 og 3 i SFO. For fleire søsken er det 50% moderasjon.  Det skal betalast 100% for det barnet som har det dyraste tilbodet.
  2. Det blir gitt søskenmoderasjon i SFO for søsken som går i barnehage med 30% for søsken nr. 2 og 3.  For fleire søsken er det 50% moderasjon.  Det skal betalast 100% for det barnet som har det dyraste tilbodet i barnehage eller SFO.
  3. Opphaldstida blir utrekna etter dei øktene barna er påmelde og ikke etter faktisk tid dei nyttar tilbodet.  Øktene er opningstid til skulestart og skuleslutt til stengetid.
  4. Dersom SFO har kapasitet til å ta imot andre enn dei som er fast påmelde, er det i løpet av eit skuleår høve til å kjøpe enkeltdagar eller enkelttimar i skulefritidsordninga.  Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon for dette tilbodet.