Redusert foreldrebetaling 1. -2. trinn

Nytt frå 01.08.2020: 

Du kan no få reduksjon i foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt for elevar på 1. og 2. trinn. For å få redusert foreldrebetaling må du sende inn søknad. 

 

  • Ingen familiar skal måtte betale meir enn 6% av den totale årsinntekta for ein SFO-plass for elevar på 1. og 2. trinn.
  • Prisen for ein heil plass i SFO er kr. 2540,- frå 01.01.2020.
  • Dersom ein familie har samla årsinntekt under kr. 465.666 har ein krav på reduksjon i betaling.
  • Det må søkjast for eitt skuleår om gongen.
  • Det skal betalast for 11 månader pr. år (juli er betalingsfri månad). 
  • Søknadsfrist for å få reduksjon for skuleåret 2020/2021 er 31. august
  • For søknader som er motteke etter 31. august blir vedtaket gjeldande frå den 1. i påfølgande månad.

Gå til søknadsskjema

Kontaktinformasjon

Torill Helgetun
Rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 986 62 811