Bruk av tolk
Når skal ein nytte seg av tolk?
- Offentlege tenester har etter Forvaltningslova informasjon- og rettleingsplikt på sitt eige saksområde (fvl.11, 17). Dette gjeld også i høve til flyktningar og innvandrarar.
- Når to partar kommuniserer med kvarandre, men ikkje har eit felles språk, er tolken eit nødvendig bindeledd for at partane kan føre ein samtale med kvarandre.
- Er du i tvil om personen forstår språket godt nok til å ha ein samtale utan tolk, kan du avgjere at tolk skal nyttas. Slik kan du sikre deg at du gir rett informasjon og rettleiing etter reglane i forvaltningslova.
- Personen som skal til samtale med deg kan be om å få bruke tolk dersom han eller ho er usikker på om ho eller han vil forstå samtalen, eller ikkje vere i stand til å formidle det som skal takast opp på eit anna språk enn eige morsmål. Offentlege tenester bør i desse høva legge til rette for at tolk er tilgjengeleg.
- Det er du som fagperson som er ansvarleg for å bestille tolk.
Er det behov for å bruke tolk?
Dersom du er i tvil, undersøk om vedkommande treng tolk ved å:
- Ta kontakt med den det gjeld og spør om ho/han treng tolk.
- Ta kontakt med den som har rekvirert vedkommende for informasjon.
- Ta kontakt med integreringstenesta for informasjon.
- Hugs å klargjere kva morsmål/nasjonalitet personen har.
Betaling av tolketenester
- Vaksenopplæring og integrering betaler for bruk av tolk for flyktningar som har busett seg i kommunen i løpe av dei 5 siste åra.
- Dei kommunale einingane betalar sjølv for tolk når flyktningane har budd i kommunen i meir enn 5 år.
- Statlege og fylkeskommunale instansar har sjølv ansvar for å dekke utgifter til bruk av tolk innafor eige ansvar-/tenesteområde, jf.UDI-rundskriv 23/94.
Viktig å hugse når du skal samtale via tolk
Snakk med personen, ikkje om han/ho
- Vend deg til personen du skal snakke med og ikkje til tolken. Døme: Spør ikkje om «han vil …» Spør direkte: «Vil du …?» På den måten vil samtalen bli meir lik ein vanleg samtale.
- Dersom du er usikker på om personen har forstått det du vil formidle, bruk kontrollspørsmål.
Planlegg det du vil seie
- Legg vekt på dei punkta som er viktige.
- Bruk enkle/korte setningar, og gi tolken tid til omsetting. Slik blir tolkinga meir nøyaktig, og personen får høve til å svare.
Etiske retningsliner for god tolkeskikk:
- Tolken skal omsette alt som kjem til uttrykk under samtalen, ikkje utelate noko, endre eller legge noko til.
- Tolken skal vere upartisk. Hans/hennar eige syn skal ikkje ha innverknad på tolkinga.
- Tolken skal ikkje ta på seg andre oppgåver under tolkinga.
- Tolken har absolutt teieplikt.
For deg som nyttar tolk vil dette seie at
- Du har sjølv ansvar for alt som blir sagt under samtalen.
- Tolken har ikkje ansvar for om dei opplysningane du og personen gir kvarandre er rette og sanne
- Tolken har plikt til å seie frå når ho/han er ugild, til dømes om ho/han er i slekt med nokon av partane eller sjølv er part i saka.
- Tolken må seie frå dersom han/ho ikkje er i stand til å gjennomføre tolkinga på ein forsvarleg måte.