Norskprøver
Om norskprøvene
For dei som har rett og plikt til norskopplæring er det obligatorisk å gå opp til avsluttande prøve.
Norskprøvene blir arrangert 4 gonger i året, i mars, mai/juni, september og november/desember. Les meir på nettsida til Kompetanse Norge.
Kva kostar det?
Kandidatar med rett og plikt til norskopplæring får ein skriftleg og ein munnleg prøve gratis. Ut over dette kostar dei ulike prøvene følgjande:
Norsk munnleg: 700kr
Norsk skriftleg (alle tre delprøver): 800kr
Norsk skriftleg (delprøver enkeltvis): 500kr
Les meir om prøvene på nettsida til Kompetanse Norge.
Korleis melde seg på?
Du kan ta kontakt med vår rådgjevar, eller melde deg på via nettsida til Kompetanse Norge.