Lånereglar

Alle som bor i landet, og som har byrja på skulen, kan få lånekort.  Barn under 15 år må ha underskrift frå føresette. Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.

Kor lang er lånetida?

Lånetida for bøker, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for tidsskrift er 14 dagar. Lånetid for film er 7 dagar. Lån kan fornyast om ingen står på venteliste og du ikkje har nådd grensa for maks antal fornyingar.

Kostar det noko?

Det er gratis å låne. Du får purringar, men ikkje gebyr for purringane. Etter 2. purring, får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?

Bøker som er lånt ut, kan reserverast. Bøker vi ikkje har, kan ofte lånast frå andre bibliotek.
Biblioteket hjelper deg med å finne informasjon. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med dei tilsette på biblioteket.

Kva forpliktar eg meg til?

Å ta vare på lånt materiell, å melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake innan lånefristen.

Erstatning av tapt/skada materiell

Etter 2. purring får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

Erstatningssatsar

Særleg verdifulle bøker, språkkurs, lydbøker med mange cd-ar, billigbøker, deler av verk, verdifullt eller sjeldent materiale vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle. Erstatningskrav på fjernlånsbøker følger eigarbiblioteket sine satsar.

  • Gebyr for nytt lånekort (det 1. er gratis): kr 30.

Vaksne:

  • Bøker, lydbøker og teikneseriar kr 550
  • DVD, musikk-cd kr 315
  • Tidsskrift kr 105
  • Konsollspill kr 650
  • Språkkurs kr 1050

Omkostningar ved erstatningskrav kr. 60

Barn:

  • Bøker, lydboker og teikneseriar kr 275
  • DVD, musikk-cd kr 260
  • Konsollspill kr 650

Lånarar under 16 år slepp omkostningsgebyret på kr. 60

Kopiering m.m.:

  • Kopiering og skanning: A4 - svartkvit kr 10
  • Kopiering og skanning: A3 - svartkvit kr 15
  • Skann til e-post kr 15
  • Plastposer kr 10
  • Tøyposer kr 25