Kommunal fysioterapiteneste

Du kan få tilvising til fysioterapi frå lege, sjukehus eller spesialisthelsetenesta, eller du kan ta direkte kontakt sjølv. Det blir gjort ei individuell vurdering av behov og nytte av behandling. 

Kommunale fysioterapeutar deltek også i førebyggande arbeid, habilitering-/rehabiliteringsarbeid og på institusjon (Surnadal Sjukeheim)

Informasjon om fysioterapi i heimen finn du her

Timebestilling

Surnadal Fysioterapi har telefon: 71658221

Kva kostar tilbodet?

Sjå informasjon om eigenandel og frikort:  Eigenandel hos fysioterapeut, Frikort for helsetenester

Kven kan få tilbodet?

Barn, unge, vaksne og eldre med motoriske problem, nedsett fysisk funksjonsevne, eller skader/plager frå muskel/skjelett.

Kva kan tilbodet innehalde?

  • undersøking og vurdering
  • råd og veiledning
  • behandling og opptrening
  • individuelt eller i gruppe
  • i barnehage, skule, heim, på helsestasjon, på institiusjon eller i fysioterapilokala.
  • i samarbeid med andre tenester og instansar ved behov

Fysioterapeutane våre gir også tilbod i tenesta Friskliv og meistring 

Fysioterapi tilsette
NamnStillingTelefon
Marit Nordvik BettenLeiande fysioterapeut482 17 528
Maren Danielle SkuggevikFysioterapeut950 62 298
Trine GlåmenFysioterapeut906 76 760
Gunn Karin VangFysioterapeut960 17 582
TurnuskandidatFysioterapeut902 55 958