RuskonsulentRuskonsulenten jobbar med å førebygge rusproblematikk og koordinere hjelp til personar som har utfordringar knytta til rus. Kven kan få tilbodet?Vi tilbyr gode og individuelt tilpassa tenester til personar som har utfordringar med rus og samansette behov. Alle som kontaktar oss får tilbod om hjelp så tidleg som muleg.Ta kontakt for hjelp og støtte dersomdu rusar deg aktivt (illegale rusmiddel og/eller alkohol)du har tidlegare rusa deg og er redd for tilbakefalldu kjenner på press til å ruse degdu er bekymra for nokon som rusar seg eller du trur rusar segdu er pårørande til nokon som rusar segKva tilbyr vi?Vi tilbyr hjelp og utformar tiltak ut i frå kvar person sine ønsker og behov. Dette kan for eksempel vere:støttesamtalarråd og rettleiinginformasjonkoordinering og individuell plan ved behovhjelp til vidare henvisning til spesialisthelsetenesta / rusinstitusjonaroppfølging/bistand før, under og etter opphald i spesialisthelsetenesta eller fengseloppfølging ved Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)Ruskonsulenten har gratis utdeling av brukarutstyr.Korleis kontakte ruskonsulent?Du kan ta kontakt med tenesta direkte. Tenesta er gratis og ruskonsulenten har teieplikt. Du treng inga henvisning.Ruskonsulent held til ved Elvebredden møteplass. Dette er ei avdeling for psykisk helse og rus ved Sommerrotunet Aktivitetshus, Røssmovegen 26, 6650 Surnadal. Hjelpetelefonar:Rustelefonen Tlf. 915 08 588 AA Anonyme Alkoholikere Tlf. 911 77 770Orkdal og omegn Krisesenter Tlf. 724 82 410 Sist endret 24.09.2025 15:28