Kontaktinformasjon
Er situasjonen akutt, ring døgnopne vakttelefonar (Surnadal.kommune.no)
Kontaktpersonar i Bondens nettverk Surnadal
Anita Faksnes Melkild
Surnadal kommune-
Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon: 952 61 998
send e-post
Ragna Marie Mauset
NLT Indre Nordmøre
Telefon: 970 43 128
send e-post
Annbjørn Husby
NLR – HMS rådgiver
Telefon: 474 48 686
send e-post
Elin Moen Lysø
Surnadal kommune,
rådgjevar landbruk
Telefon: 952 59 360
send e-post
Kvifor treng vi bondens nettverk?
Gardbrukarane er ofte aleine med stort ansvar. Som oss alle, kan gardbrukaren utsettast for ulukke, sjukdom og andre vanskelege forhold/tilhøve. I landbruket heng yrkesliv og privatliv tett i lag. Noko som skjer på jobb eller i heimen, kan få ringverknader og gi samansette utfordringar. Det kan vera vanskeleg å vite kvar ein skal starte for å løyse utfordringa, og kven som kan hjelpe.
Kva er bondens nettverk?
Bondens nettverk er eit samarbeid mellom lokale aktørar rundt landbruket. Nettverket arbeider for å førebyggje psykisk uhelse i landbruket og fungerer som eit sikringsnett. Det er etablert nettverk i mange kommunar, etter initiativ frå Norsk landbruksrådgivning (NLR).
Hjelpa som blir tilbydd
Bondens nettverk er tilgjengeleg for alle bønder, uansett om dei har eit stort personleg nettverk eller ikkje. Om ein gardbrukar føler behov for støtte til å handtere kvardagen eller kjenner nokon andre som trenger hjelp, kan nettverket bidra. Dei kan for eksempel kople gardbrukaren opp med fagfolk som regnskapsførarar, veterinærar eller rådgivarar, avhengig av kva som trengs.
Viktigheita av tidleg inngripen
Det er lurt å søkje hjelp tidleg for å unngå at små problem veks seg større. Derfor skal det være enkelt å kontakte Bondens nettverk, enten ein er bekymra for seg sjølv eller andre. Alle som jobbar innanfor nettverket har tausheitsplikt, så informasjonen du deler blir verande konfidensiell.
Surnadal kommune, Landbruk
Surnadal kommune, Psykisk helse og rus
Todalen Bondelag
Surnadal Bondelag
Norsk Landbruksrådgjeving
NLT Indre Nordmøre
Røv Mølle
Felleskjøpet Agri SA
Sparebank 1 Nordmøre
Tine Rådgivning
- Ingebrigt Rognskog Henden, Økonomirådgiver
915 45 786 send e-post
Mattilsynet
- Tone Merete Hoås 22 40 00 00
Korleis arbeider bondens nettverk Surnadal?
Avtalepartnarane i nettverket vil forsikre deg som gardbrukar om at dei vil stille opp når du ber om hjelp. Medlemskap i nettverket er ei støtteerklæring til gardbrukaren.
Når ein gardbrukar tek kontakt og ber om hjelp frå nettverket, vil vi lytte og prøve å forstå situasjonen. Deretter vurderer vi kven i nettverket som har den rette kompetansen for å hjelpe. Vi tek berre kontakt med andre i nettverket om gardbrukaren gir sitt samtykke.
Nettverket vil hjelpe gardbrukaren med å dele opp problemet og finne løysingar på årsakene til problemet, om det botnar i økonomi, familieforhold, psykisk/fysisk uhelse, ulukke, utmatting eller kombinasjon av ulike ting.
Bondens nettverk kan brukast til både alvorlege og mindre alvorlege utfordringar, men er ikkje egna i akutte/tidskritiske situasjonar. Ring nødnummer om det er akutt.
Medlemane møtast ein gong i året i eit kontaktmøte. Vi kan også arrangere kurs og andre aktivitetar.