Sommarles 1. juni - 31. augustBli med på biblioteka si lesekampanje for barn!Lenke til Sommarles.noSommarles er ein lesekampanje for barn på 1. til 7. trinn, inkludert dei som byrjar på skulen i august.I juni, juli og august kan ein registrere det ein les på nettsida til Sommarles (lese sjølv, høgtlesing, lydbok).Det er gratis å delta på Sommarles, og barna gjer seg fortent til premiar som dei hentar på biblioteket på level 10, 20, 30, 40 og 50.Ein kan lese sommarles-forteljinga på sommarles.no. Det kjem som tekst og lydbok. Du kan og legge inn eit kodeord kvar veke. Desse finn du på Surnadal bibliotek, eller nederst i denne artikkelen. Det kjem nytt kodeord kvar måndag. Forteljinga og kodeorda gjev og poeng.HENTING AV PREMIAR UTANOM OPNINGSTID: Vel ut premie for rett level ut frå plakaten lengst ned i denne artikkelen.Kontakt oss med informasjon om kven som skal ha premie og kva for premie.Du hentar premien i 1. etasje i kulturhuset, på hylla for bøker til henting. Vi merkar premien med sommarlesaren sine initialar.OBS! Premiane på level 40 og 50 deler vi kun ut til barn frå eigen kommune. Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy for barn å lese, også for dei som ikkje er så ivrige fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitane sine betre gjennom den lange sommarferien.Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også! Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne, og sjekk ut appen vår BookBites som har e-bøker og lydbøker.Meir om Sommarles: Sjå altom.sommerles.no Kodeord (nytt kvar måndag):1: ARKEOLOG2: KOLIBRI3:4:5:6:7:8:9:10:11:12: Publisert 06.06.2025 11:20 Sist endret 11.06.2025 09:28