
Biblioteket inviterer til ein spennande kveld!
Tid: Tysdag 11. november kl. 19:00
Stad: Kinosalen og foajèen
NB! Les informasjon lengst ned om henting av billettar.
Forfattar og historikar Hans Olav Lahlum gir deg sine oppdaterte analysar av situasjonen i Trumps USA. Her skjer det mykje - heile tida, så dette blir interessant å lytte til! Foredraget blir i Kammerset (kinosalen).
Etter foredraget trekkjer vi ut i foajéen - her blir det quiz der du kan teste ut både historiekunnskap og samtidsfakta om denne fascinerande nasjonen som endrar seg nærmast frå time til time.
Arrangementet er eit samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal.
Arrangementet er gratis, men vi vil at du hentar billettar på førehand. Dei kan hentast i resepsjonen i kulturhuset kl. 7-22 kvar dag. Ta kontakt om du ikkje har noko mulegheit til å hente billett.
Sei frå om du har billett, men blir forhindra frå å kome - så kan vi gi plassen din vidare.