Om Surnadal bibliotek

Kulturhuset - Klikk for stort bildeKulturhuset Steinar Hasselø

 Biblioteket er eit gratis, offentleg tilbod som er tilgjengeleg for alle.

Målsetting

Verksemda til norske folkebibliotek er heimla i Lov om folkebibliotek:
Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet.Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. [...].

Lov om folkebibliotek slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Folkeopplysning og formidling

Biblioteket er ein viktig medhjelpar for dei som søker opplysningar og kunnskap i samband med studiar, arbeid og fritidsaktivitetar.

Biblioteket driv med kulturformidling, i form av arrangement og andre tiltak for å fremja interessa for litteratur og andre kulturuttrykk hos barn, ungdom og vaksne.

Du kan forvente at:

  • Du vert møtt med respekt og konfidensiell behandling av personale.
  • Lån av bøker og anna materiale er gratis for alle.
  • Kostnadar kan komme til ved for sein innlevering og tilleggstenester som kopiering.
  • Du får hjelp til å finne informasjonen du treng. Svar på omfattande eller avanserte spørsmål får du seinast innan fem arbeidsdagar.
  • Du får tilgang til døgnopne katalogar og ”Mine sider” lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Du kan søkje, bestille, hente og levere materiell i det biblioteket som høver best for deg.
  • Vi skaffar tilgjengeleg materiell frå andre bibliotek for deg.
  • Vi tilbyr trådlaus tilgang til Internett, kopi- og utskriftsmulegheiter.
  • Vi er opne for forslag til både mediekjøp og betring av våre tenester.
  • Tenesta er regulert av Lov om folkebibliotek.

 

Tilgjenge

Du finn biblioteket i 2. etasjen i Surnadal kulturhus, Svartvassvegen 1, på Skei.

Det er buss- og drosjehaldeplass ved huset. Det er offentlege, gratis parkeringsplassar (tidsavgrensa) over vegen mot Samvirkelaget.

Kulturhuset er tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Rørslehemma kan parkere på tilvist plass framfor kulturhuset. Det er automatisk inngangsdør på bakkeplan og heis i bygget.

Du er sjølvsagt velkomen til å besøke biblioteket sjølv om du ikkje skal låne noko. Her kan du til dømes sitte og lese på lesesalen eller på sitteplassar rundt om i biblioteket. Biblioteket abonnerer på fleire aviser og blad, og vi har PC-ar til utlån med gratis trådlaus nettverk.

Se kart
 

Meirope bibliotek

Du kan få tilgang til biblioteket før og etter etter vanleg opningstid måndag - fredag kl. 7 - 22, laurdag kl.11 - 16 og søndag 13 - 20. Ta med lånekortet ditt i opningstida og lag avtale om det! 

Kulturplan 2021-2025 for Surnadal kommune

Lenke til kulturplana

Lenke til kapittel om bibliotek i kulturplana

Historikk

Den første boksamlinga i Surnadal og dåverande Stangvik kommune vart etablert rundt 1840. "Surendalens Almuebibliotek" vart etablert av presten Finkenhagen med ei pengegåve på 50 spesidaler og 24 bøker frå eiga private samling.

I 1851 kom det første statsbidraget på 25 spesidaler slik at ein etter kvart hadde ein bokstamme på eit par hundre bøker.

Etter kvart vaks det fram leseforeiningar ute i kyrkjesokna som seinare danna grunnlaget til folkeboksamlingane. I Surnadal fekk ein folkeboksamlingane: Øye/Ranes og Mo. I Stangvik: Stangvik, Todalen, Årnes og Åsskard.

Folkeboksamlingane i grendene vart, med nokre unnatak, lokalisert i skulane. Øye og Ranes sokn folkeboksamling vart biblioteket i Surnadal.

Biblioteket var lokalisert på Ranes i Finkenhagen si tid. Så flytta biblioteket inn i 3. etasjen i det nye heradshuset på 1960-talet, og ned i 1. etasjen da kommunehuset vart påbygd i 1978.

Då Felleskjøpet flytta ut av den tidligare ullstasjonen til Bøndernes Salgslag på Skei, vart huset ominnreidd til bibliotek i to etasjar og tatt i bruk i 1989.

I 2002 fikk biblioteket nye lokale i 2. etasjen i Surnadal kulturhus. Lokala var da på 519 m². I tillegg har ein eit fjernmagasin i underetasjen på ca. 40 m².

Ein har ikkje oversikt over når dei ulike skulebiblioteka vart etablerte.

Etter at dei fleste av filialane vart lagt ned på 1990-talet, vart hovudbiblioteket det næraste tilbodet for dei fleste. Delar av boksamlingane blei overtatt av lag som dreiv utlån på dugnad, slik som på Årnes og i Stangvika.

Filialen i Todalen, som var eit kombinert skule- og folkebibliotek, vart stengt våren 2020 grunna Covid19. Todalen skule vart lagt ned frå hausten 2021, bibliotekfilialen vart lagt ned frå januar 2021.

Grunnskulane har, etter loven, bibliotek lokalisert ved Mo oppvekstsenter, Stangvik oppvekstsenter, Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter og Surnadal barne- og ungdomsskule. Tidlegare Øye barneskule og Surnadal ungdomsskule vart slått saman til ein skule i nytt bygg  i 2021,  med felles bibliotek.

Andre ikkje-kommunale bibliotek finn ein ved Surnadal vidaregåande skole og Nordmøre Folkehøgskule.

Bokbåten Epos besøkte tidligare Bøfjorden to gonger i året med tilbod om utlån og underhaldning for dei yngste. Dette fylkeskommunale tilbodet vart vedtatt lagt ned i 2019.