Sommarles 1. juni - 31. augustBli med på biblioteka si lesekampanje for barn!Lenke til Sommarles.noSommarles er ein lesekampanje for barn på 1. til 7. trinn, inkludert dei som byrjar på skulen i august.I juni, juli og august kan ein registrere det ein les på nettsida til Sommarles (lese sjølv, høgtlesing, lydbok).Det er gratis å delta på Sommarles, og barna gjer seg fortent til premiar som dei hentar på biblioteket på level 10, 20, 30, 40 og 50.Ein kan lese sommarles-forteljinga på sommarles.no. Det kjem som tekst og lydbok. Du kan og legge inn eit kodeord kvar veke. Desse finn du på Surnadal bibliotek, eller nederst i denne artikkelen. Det kjem nytt kodeord kvar måndag. Forteljinga og kodeorda gjev og poeng.HENTING AV PREMIAR UTANOM OPNINGSTID: Vel ut premie for rett level ut frå plakaten lengst ned i denne artikkelen.Kontakt oss med informasjon om kven som skal ha premie og kva for premie.Du hentar premien i 1. etasje i kulturhuset, på hylla for bøker til henting. Vi merkar premien med sommarlesaren sine initialar.OBS! Premiane på level 40 og 50 deler vi kun ut til barn frå eigen kommune.Premiane for 2025 kan hentast ut september. Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy for barn å lese, også for dei som ikkje er så ivrige fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitane sine betre gjennom den lange sommarferien.Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også! Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne, og sjekk ut appen vår BookBites som har e-bøker og lydbøker.Meir om Sommarles: Sjå altom.sommerles.no Publisert 06.06.2025 11:20 Sist endret 22.09.2025 15:41