Privatarkivet vert flytta!

Privatarkiv - Klikk for stort bilde Anne Skjeggestad

OM LAG, FOREININGAR OG PRIVATPERSONAR SOM HAR LEVERT MATERIALE TIL PRIVATARKIVET IKKJE VIL AT DEIRA ARKIV SKAL FLYTTAST TIL IKA MØRE & ROMSDAL: KONTAKT BIBLIOTEKET PÅ TLF. 47 68 07 97 SEINAST 1. MARS 2024.

I byrjinga av mars -24 vil privatarkiv, som har vore oppbevart i magasinet til Surnadal bibliotek, bli frakta til IKA Møre og Romsdal for registrering og oppbevaring. IKA tar ikkje over eigedomsretten til arkivet, dei enkelte lag vil framleis vere eigarar av sine arkiv. Eigar av arkivet kan få låne det tilbake for ei periode eller få det tilbake permanent etter eige ønske. IKA M&R registrerer i første omgang innhaldet, oppbevarer det etter forskrift og publiserer arkiv-/innhaldsliste på Arkivportalen. 

Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn informasjon om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. Slik vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast. Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk. Materialet kan ein få tilgang til ved lesesalen hos IKA M&R. 

Per i dag har 20 av eigarkommunane til IKA Møre og Romsdal meldt seg inn i privatarkivordninga. Det er desse kommunane: Aukra, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Hustadvika, Rauma, Sande, Sandøy (Ålesund), Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

For meir informasjon om IKA Møre & Romsdal, les her: https://www.ikamr.no/om-arbeidet-med-privatarkiv 

For spørsmål om privatarkiv hos IKA, ta kontakt med rådgjevar Åsta Vadset, tlf: 40 85 41 53, e-post: asta.vadset@ikamr.no

Privatarkivet i Surnadal blir flytta av fleire årsaker: 

· Arkivet vil hos IKA bli forskriftsmessig oppbevart i forhold til for eksempel fukt og skadedyr. Det er ikkje tilfredstillande forhold i bibliotekets magasin, så ein må uansett finne ein ny stad for oppbevaring, eller gjere tiltak i magasinrommet. 

· Innhaldsliste vil bli publisert på Arkivportalen, og vil dermed vere søkbar og tilgjengeleg for dei som er interesserte. 

· Innhaldet vil ikkje vere tilgjengeleg på nett, men vil muleg bli skanna og tilgjengelig ein gong i framtida.