Fjernlån Biblioteket er ein del av det nasjonale biblioteknettverket. Vi kan bestille materiale for våre lånarar frå bibliotek over heile landet, både andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. Postkasse med bok Fjernlån er gratis for lånaren. Du som lånar henter og leverer tilbake materialet på ditt lokale bibliotek, mens vi står for frakta mellom biblioteka. Du kan søke og bestille på Biblioteksøk, eller i Oria viss du er student (meir informasjon om Biblioteksøk og Oria lenger ned). Send gjerne e-post eller bruk kontaktskjemaet viss du treng hjelp med å bestille fjernlån. Nøyaktige opplysningar om tittel, forfattar og eventuelt utgåve/utgivingsår gjer det raskt og greit for oss å bestille det du treng. Er du usikker på kva du skal ha, kan det være best å ringe eller kome innom biblioteket, slik at vi er sikre på at det vi bestiller faktisk er det rette for deg. Vi bestiller også kopiar av artiklar i tidsskrift eller bøker. Fristar og fornying av fjernlån: Det er eigarbibliotekets lånefristar og reglar for fornyingar som gjeld ved fjernlån. Logg gjerne inn på Meg & mitt og forny materiale du har på fjernlån. Ta kontakt med oss om det ikkje går, det kan hende du får fornye likevel. Biblioteksøk Biblioteksøk er ei felles søketeneste for norske bibliotek, her kan du søke i mange bibliotek samtidig. Du kan bestille materiale og velge kva for bibliotek du vil kome til for å låne og levere. Du treng Nasjonalt lånekort for å logge inn og bestille i Biblioteksøk. Oria Oria er norske fagbibliotek sin søkemotor. Her kan du søke i alle fagbiblioteka samtidig, eller finne eit bestemt bibliotek og søke hos dei. Studentar kan bruke Feideinnlogging og sjølv bestille hos det høgskule- eller universitetsbiblioteket dei tilhøyrer. Andre brukarar kan ikkje bestille direkte i Oria, kontakt oss så bestiller vi det du ønsker. Sist endret 06.12.2022 14:03