Tid: Torsdag 29. januar kl. 12:00
Stad: Kinosalen
GRATIS - henting av billettar på førehand. Dei kan hentast i resepsjonen i 1. etasje i kulturhuset.
Høyr og møt Oddgeir Bruaset, som presenterer boka «Vegen som vart min».
Her deler han personlege minne frå oppveksten i Bygde-Noreg og frå arbeidet med dei mange livshistoriene i den folkekjære tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Boka byr på refleksjonar og inspirerande forteljingar frå eit levd liv.

Arrangert i samarbeid med Litteraturhus i Møre & Romsdal.