Aviser og tidsskrift
Vi abonnerer på ein del aviser som kan lesast i biblioteket, og mange tidsskrift som også er til heimlån.
Avisene står i foajeen i 1. etasje, og kan lesast i åpningstidene til kulturhuset.
Tidsskrifta står og i foajeen, og kan lesast og lånast (med lånekort på utlånsautomat) i åpningstidene til kulturhuset.
Åpningstidene til kulturhuset
Avisene tek vi vare på i 1 veke, avisa Driva har vi tilbake til 1999, dei fleste tidsskrifta tek vi vare på den siste årgangen.
Barneavdelinga
- Her finn du biletbøker, forteljingar og faktabøker for barn.
- Teikneseriar, lettleste bøker, hestebøker, engelske bøker og faktabøker står for seg.
- Filmar, lydbøker, cd-ar med musikk og dataspel har eigne hyller.
- Eiga ungdomsavdeling med bøker som passar for tenåringar.
Vaksenavdelinga
- Skjønnlitteratur og faglitteratur (sakprosa) står kvar for seg.
- Filmar (dvd og blu-ray) og lydbøker har eigne hyller.
Fleire sjangre/typar litteratur står på eigne hyller i vaksenavdelinga:
- Krim og spenning
- Lyrikk
- Teikneseriar
- Pocketseriar. Løpande seriar står i vaksenavdelinga - avslutta seriar står i foajeen i 1. etasje.
- Lettleste bøker
- Humor/vitsebøker
- Engelsk skjønnlitteratur
Faglitteratur/sakprosa
Magasin
- Vi har eit magasin (eige rom) i underetasjen, der vi tar vare på papir for lokale lag og foreiningar.
- Du må be tilsette om å hente det som står i magasinet.
Spør gjerne bibliotekaren om hjelp slik at vi kan finne fram til nettopp det du har behov for!
Bøker og filmar og anna vi ikkje har, kan vi som regel skaffe frå andre bibliotek i Norge. Les meir om fjernlån her.