Låneautomat og lånekortBiblioteket har låneautomatar der du sjølv loggar deg inn med lånekort og registrerer det du vil låne. Du kan og levere inn, fornye lån, og søke i samlinga vår på automaten.
Sjå lånereglane våre for informasjon om lånetider, fornyingar og anna.
Andre spørsmål, PC-hjelp
- Biblioteket har betent skranke i 1. etasje i kulturhuset.
- Bibliotekets tilsette bistår dei som treng hjelp med utlån og innlevering, fornyingar etc. i opningstida.
- Vi ber om at du om muleg, brukar ein av dei sjølvbetente automatane.
- Når du loggar deg inn på Meirope bibliotek, må automaten nyttast, sjølv om dei tilsette er til stades.
- Vi hjelper deg gjerne med å søke etter informasjon og finne fram i samlinga vår, eller bestille fjernlån frå andre bibliotek i betent opningstid. Les meir om søking, bestilling og fjernlån.
- Vi hjelper til med praktiske spørsmål når du låner datamaskin hos oss, for eksempel med utskrift og enkle tekniske eller språklege problemstillingar. Vi kan til vanleg ikkje gi omfattande hjelp vedrørande utfylling av søknadsskjema på nett, bestilling av billettar etc., heller ikkje ved tekniske problem du måtte ha med din eigen datamaskin. Treng du omfattande hjelp, må du bestille tid til dette på førehand, og dette må skje i opningstida. Les meir om lån av PC, trådlaust nett, kopiering, skanning.
- Ta kontakt i skranken for å kopiere eller skanne dokument.
Låne og levere på andre bibliotek?
- Du kan levere det du har lånt hos oss på eit anna bibliotek og omvendt.
- Biblioteka sørger for transport av bibliotekmateriale seg imellom, dette er gratis for lånarane.
Sist endret 08.09.2026 10:37