Det flerspråklige bibliotek

– finn bøker på ditt eige språk!

Det flerspråklige bibliotek i Oslo har samlingar på ca. 70 språk.

Logo Det flerspråklige bibliotek - Klikk for stort bildeLogo Det flerspråklige bibliotek     

 

 

Sjå kva som finst på dei ulike språka her, eller du kan søke etter bøker, forfattarar eller tema.

Ta kontakt med oss på Surnadal bibliotek hvis du finn noko du ønsker å bestille

Du låner og leverer tilbake her, tilbodet er gratis. 

Vi bestiller ofte pakkar med bøker på forskjellige framandspråk, dette kallar vi depot. Til dømes kan vi bestille eit depot med 30 bøker for vaksne på arabisk, da vil desse bøkene vera til utlån her i tre månadar før vi sender dei tilbake.

Ta kontakt med oss om du ønsker depot med bøker på eit bestemt språk. Vi vil gjerne vite litt om kven som skal lese bøkene, slik at vi får bøker som passar (barn, ungdom eller vaksne, kvinner eller menn, eller bestemte tema). Lærarar som underviser framandspråklege barn eller vaksne kan bestille depot til sine elevar.