Kva tilbyr demenskoordinator?
Demenskoordinator er eit bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande og dei ulike delane av tenesteapparatet. Dette gjer demenskoordinator:
- Følgjer opp personar med demenssjukdom og deira pårørande
- Kartlegg og foretek utredningsbesøk i heimen etter avtale/samarbeid med fastlege
- Samarbeider med heimesjukepleien, fastlegane og spesialhelsetenesta
- Held oversikt over tilbod i kommunen for personar med demenssjukdom og deira pårørande
- Arrangerar pårørandeskule i samarbeid med demensforeninga og kommunen
- Samarbeider med Surnadal demensforening og helselag for eit demensvennleg samfunn og aktivitetsvenn
Korleis få hjelp frå demenskoordinator?
Pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med demenskoordinator
Heidrun Kristine Solstad på tlf. 90260795 eller kontakte Heimetenesta på tlf. 90973845.
Tenesta er gratis. Du treng ingen søknad eller tilvising.
Aktuelle lenker
Demensplan 2025
Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse
Veiviser Demens