Politikk

Politikk - Klikk for stort bilde

Kommunepolitikarane har ansvaret både for tenesteproduksjonen i kommunen og for innsatsen kommunen gjer som utviklingsaktør overfor kultur og næringsliv i lokalsamfunnet.

Politikk er å fordele gode og byrder, og politikarane må prioritere ut i frå knappe ressursar.

KommuneTVPolitiske saker

Kvart fjerde år får innbyggjarane gjennom stemmeretten sin påverke kven som skal styre vidare, og gjennom valresultatet kan veljarane dessutan vise om dei tykkjer det som har vore gjort har vore fornuftig eller ikkje. Innbyggjarane kan likevel også påverke mellom vala, med på å leggje fram synet sitt på saker direkte til dei folkevalde eller bruke media. Det er også høve til å nytte seg av det såkalla innbyggjarinitiativet, der ein gjennom å samle underskrifter frå 2% av dei som bur i kommunen kan krevje å få ei sak opp til handsaming.

Fant du det du leita etter?