Skulane i Surnadal har to kanalar til kommunikasjon mellom heim og skule: Visma Foresattportal og Visma-appen «Min skole - foresatt».
Appen Min Skole:
- Sende/motta meldingar til kontaktlærar, skuleadmin, SFOadmin
- Motta og svare på digitale skjema
- Registrere fravær
- Svare og endre samtykke
Vi ønskjer at føresette lastar ned og loggar seg på denne appen. Appen har også snarveg til foresattportalen.
Direktelenke for Apple telefonar: https://itunes.apple.com/no/app/min-skole-foresatt/id1355018418?mt=8
Direktelenke for Android telefonar: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.visma.vfsmobileparentapp&hl=en_US
Dei som evt. ikkje kan bruke appen på sin telefon har to alternativ:
- Bruke appen på nettbrett i staden – vil fungere på samme måte som på mobiltelefon
- Logge seg inn på skole.visma.com/surnadal og lese og skrive meldingar der.
Gje tilbakemelding til kontaktlærar om du ikkje får til å bruke appen.
Foresattportalen:
foresatt.visma.no/surnadal
Foresattportalen er tilpassa mobilt grensesnitt og supplerer appen Min Skole:
- Søkje, endre, avslutte SFOplass
- Søkje om redusert betaling
- Søkje om permisjon
- Oversikt over elevens dokument
- Sjå og eventuelt endre spørreskjema