Private brønnar og vassforsyningssystem

Alle vassforsyningssystem skal vere registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld både større vassforsyningssystem, og dei som er veldig små. Alle som produserar under 10 m3 drikkevatn i døgnet kan nytte eit forenkla registreringsskjema på mattilsynet.no.

Eksemplel på vassforsyningssystem som kan nytte forenkla skjema kan vere ein brønn eller eit tjern som forsyner 2 eller fleire hytter, eller ein brønn som forsyner to bustader med drikkevatn. Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du på Mattilsynet sine sider.

Enkel registrering frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema for registrering av små vassforsyningssystem. I skjemaet registrerer du plasseringa til vassforsyningssystemet ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast. 

Registrere små vassforsyningssystem

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Det er ingen automatikk i at kommunen veit kor kvart enkelt vassforsyningssystem befinn seg. For å sikre at kommunen har nødvendig informasjon, er alle som har eit lite vassforsyningssystem pålagt å registrere det hos Mattilsynet.

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i arbeidet vårt. Ei slik oversikt kan vere svært viktig når kommunen legg planar for bruken av areal rundt brønnen og brønnområdet.

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrerte står i drikkevassforskrifta § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevassforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

Drikkevassforskrifta

Informasjon til dei minste vassforsyningssystema

Om drikkevassforsyning hos Mattilsynet