Endra køyremønster under Midtsommar i helga
I forbindelse med sentrumsarrangement under Midtsommar 2025 er det endra køyremønster på Skei denne helga.
Velkommen til Midtsommar i Surnadal 2025 - vis omsyn i trafikken
I forbindelse med Midtsommar i Surnadal 2025 er det endra køyremønster på Skei.
Øvre del av Skeivegen (miljøgata) er stengt i sørgåande køyrefelt ved kulturhuset fram til søndag ettermiddag.
Laurdag går Bankmila av stabelen, og det blir mange sprekingar langs vegen. Vi ber om at bilistar tek ekstra omsyn denne helga, når det blir mykje liv og røre på Skei.

Sist endret 19.06.2025 11:57