Tilskottsordningar, stipend og kulturpris

Søknadsfrist er 15. mars for:

Kleivaprisen og Kleivafondet 

Kleivaprisen er, i praksis, Surnadal kommune sin kulturpris. Kleivaprisen og Kleivafondet er finansiert gjennom ei gåve frå Hans Hyldbakk og han har også formulert statuttane for tildeling. Der heiter det at «Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskilpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis». 

Kleivafondet er støtte til enkeltståande kulturtiltak (ikkje til vanleg drift), i tråd med statuttane nemnt over.

Skriftleg, grunngjeve framlegg på kandidat til Kleivaprisen og/eller søknad på Kleivafondet skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal 

«Henning-stipendet

For ungdom mellom 13 og 20 år frå Surnadal kommune som vil utvikle seg innan kulturuttrykk som song og musikk, dans, teater, visuell kunst m.m. Gå inn på Surnadal kommune.no under Aktuelt og les meir om stipendet. 

Prosjekttilskott

Ein kan søkje om prosjektstøtte. Dette er ikkje støtte til vanlege driftstiltak, men til enkeltståande kulturprosjekt avgrensa i tid. Bruk elektronisk søknadsskjema (KF-136) på nettsida surnadal.kommune.no