"Henning-stipendet"

Henning Sommerro fylte 70 år i 2022. Surnadal kommune si gåve til jubilanten var 25 000 kroner som han kunne gi vidare som stipend til unge talent frå Surnadal kommune.

«Henning-stipendet»

Henning møtte i fjor (sjå biletet) dåverande ordførar, kulturskolerektoren og kulturleiaren for å drøfte korleis han ville bruke denne gåva.

Han ønskjer at unge som er interessert i ulike kulturuttrykk – som musikk, komposisjon, litteratur, visuell kunst, dans, teater, kunsthandverk, film, animasjon, grafisk design og dataspelprogrammering – skal kunne søkje på midlane han fekk.

Henning og kommunen vil difor oppmode unge mellom 13 og 20 år, som er interesserte i slike kulturaktivitetar, til å søkje.

Dette er ikkje ein pris for noko ein har oppnådd, men heller ei hjelp på vegen for å utvikle seg innafor noko ein likar å halde på med.

Du, som søkjar, kan gjerne vere kulturskule-elev, elev ved ei eller anna kulturline på ein skule, eller berre drive med ein kulturell aktivitet på fritida di som du verkeleg brenn for.

Du må ha heimeadresse i Surnadal kommune for å kunne søkje.

Kjenner du nokon aktuelle, eller er interessert i å søkje sjølv: ta kontakt med kulturskulerektor Torbjørn Larsen (tlf. 41 54 21 17) eller kulturleiar Lilli Husby (tlf. 91 11 24 16) for nærare opplysningar.

Søknaden skal sendast post@surnadal.kommune.no og merkast med «Henning-stipendet». Skriv litt om deg sjølv, kva du ev. kunne tenkt å drive med og kva du vil bruke ev. stipendpengar til – og gjerne send med lydfil, video eller andre eksempel på kva du driv med.

Du kan også skrive søknaden på papir og sende til kommunen (Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).

Søknadsfrist er 15. mars og tildelinga vil skje under Vårsøghelga til våren.

Kulturskolerektor Torbjørn Larsen, kulturleiar Lilli Husby, ordførar Margrethe Svinvik og Henning Sommerro. - Klikk for stort bildeBilde av kulturskolerektor Torbjørn Larsen, kulturleiar Lilli Husby, tidlegare ordførar Margrethe Svinvik og Henning Sommerro. Liv Berit Brusethaug