Oljehaldig avløpsvatn

Olje skadar organismar om den kjem ut i naturen. Derfor er det ikkje tillate å sleppe ut oljehaldig avløpsvatn. Det er heller ikkje lov å etablere påslepp og føre oljehaldig avløpsvatn inn i avløpssystem,  da dette kan skade rensingsverk og oljen til slutt kjem ut i naturen. Ein kan søke kommunen om å få unntak. 

Kven gjeld dette for?

Alle verksemder som kan forventast å sleppe ut oljehaldig avløpsvatn må sende søknad. Det inkluderer mellom anna verkstader for køyretøy og vaskehallar. Løyvet gjeld den bedrifta som brukar lokalet og det omfanget det er søkt om. Om utsleppet aukar vesentleg eller ei ny verksemd flyttar inn i lokalet, må ein ha eit nytt løyve. 

Krav til avløpssystem

Avløpet skal minimum bestå av sandfang eller liknande innretning der tunge partiklar kan sedimentera på botnen. Når ein får utsleppsløyve blir det stilt vilkår til kva mengd olje som kan sleppast ut. For å ta representative prøver må vatnet falle fritt så olje og vatn blir blanda. Derfor trengst ein prøvetakingsskum der prøven blir tatt. For å oppfylle krava må ein ofte ha ein oljeutskillar før prøvetakingskummen som separerer olje frå vatn. Oljeutskillaren består av ein tank der oljedropane får tid til å stige til overflata. Oljeutskillaren kan erstatte sandfang.  

Søknadsskjema

Fyll ut søkandsskjema

Send skjemaet med nødvendige vedlegg til postmottak@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Om det blir bygd eit nytt oljeutskille må ein i tillegg søke om byggeløyve. 

Unntak og dispensasjon

Det er i unntakstilfelle mogleg å få dispensasjon frå krava i den lokale forskrifta. Skriv i søknaden kvifor det ikkje er mogleg eller nødvendig å oppfylle grunnkrava.

Kva kostar det?

Tilsyn og løyve avløpsanlegg 2024
Tilsyn av avløpsanlegg Pris
Tilsyn med avløpsanlegg etter kap 15 medgått tid - timepris Kr. 1300/t
Utsleppsløyve Pris
Pr. løyve 4864

Vedlikehald og rapportering

Har du utslepp må du kunne vise at du overheld utsleppskravet når kommunen ber om det. Kravet på oljeinnhald er < 50 mg/l i samsvar med forureiningsforskrifta, men nokre utsleppsløyve har strengare vilkår. 

Har du påslipp til kommunalt avløpsnett er det krav om minst ei vassprøve i året for å analysere oljemengde.  Ved stikk-kontrollar kan også andre stoff bli analyserte. Sandfang og oljeutskillar skal også tømmast minst ein gong i året. Det skal sendast ein årsrapport for året før til kommunen innan 1. februar. Rapporten skal innehalde:

  • Tømmerapport for oljeutskillar som opplyser om tømt volum inkl. dokumentasjon på at alle renseanleggets volum er tømt.
  • Analyserapportar frå tekne vassprøvar.
  • Inspeksjonsrapport kor heile renseeininga med eventuelle feil og manglar omtalast.

Ved rapportering skal dette skjema blir brukt (PDF, 560 kB), i tillegg skal analyse-, inspeksjons- og tømmerapport leggast ved. 

Olje, slam og sand som samlast i oljeutskilje og sandfang er farleg avfall og handteringa er regulert av avfallsforskrifta kapitel 11. Det inneber mellom anna krav om tømming kvart år om det samlast opp meir enn eit kilo avfall i året. Dei fleste oljeutskillere må derfor tømmast minst ein gong i året.

Nyttige lenker

Forurensningsloven

Forureiningsforskrifta

Avfallsforskrifta

Lokal forskrift om påslipp av oljehald avløpsvatn

VA-blad 120

NORVAR-rapport 156