Det er berre å merke seg tid, dato og stad med ein gong: Fredag 27. juli kl. 1400 på Surnadal kulturhus.
Der og da vil det bli laga eit slags omriss av flyet der ein håper å kunne plassere vrakdelar av flyet på rett plass. Hoskins vil difor be alle som har delar om å møte den dagen, uavhengig av om dei vil donere dei til prosjektet eller berre vil vise dei fram denne dagen, også for å slå fast kvar på flykroppen delen stammar frå.
Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka er svært sjeldan; dette er berre det andre attverande flyet av akkurat denne typen i verda. Hoskins er difor interessert i å få vite alt som er muleg om både styrten og alt som skjedde i etterkant med vraket – samt alt ein kan oppdrive av opplysningar om kva som hendte med piloten før og etter at han vart fanga av tyskarane.
Har du vrakdelar, eller informasjon om styrten eller piloten – ver velkomen på kulturhuset fredag 27. juli kl. 1400!