Postliste / offentleg journal
Arkivloven forplikter kommunane til å føre offentleg journal. I postlista / journalen er alle inn- og utgåande brev til og frå kommunen publisert, så lenge det ikkje er gjort unntak som er hjemla i lov. Journalen blir ført på ein slik måte at den ikkje viser taushetsbelagte opplysningar.
Postjournalen har ei forseinking på 2-3 dager.
Dokumenter som du ikkje finn i offentleg journal
Pasient- og klientsaker, personal-, elev- og barnehagebarn sine saksmapper er saksområder som ikkje blir publisert på internett.
Dagens innsynsløsning inneheld dokument frå og med 03.06.2019.
Be om innsyn i eldre saker frå før 03.06.2019.
Innsyn
Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak i ei lov. Sjølv om eit dokument kan unntakast offentlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet bør gjerast delvis eller heilt kjend - Offentleglova §11. Meirinnsyn.
Frå postlista kan du opne dokument direkte, dokument med hengelås er unntatt frå publisering, men her kan du be om innsyn ved å peike på hengelåsen - kommunen vurderer merinnsyn.
Du kan be om innsyn i dokument som ikkje er publisert i postlista. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av bestemt art. Du kan du kreve innsyn, skriftleg eller muntleg.
Be om innsyn i eldre saker
Personvernforordninga (GDPR)
Personvernforordninga jamfør Personopplysningslova stiller krav til korleis vi behandlar personopplysningar. Særlege kategoriar av personopplysningar (ref. artikkel 9 nr. 1) – i tidligare lov kalt sensitive personopplysningar – skal sikrast eit særlig vern og blir derfor ikkje gjort tilgjengeleg på nettet.
Dette gjeld journalpostar om barn, elevar, personal og andre personar, kor det foreligg sensitive personopplysningar.
Saksbehandlingstid
Krav om innsyn vil normalt bli besvart i løpet av tre virkedagar. Dersom du ikkje har motteke svar i løpet av fem virkedagar er dette å rekne som eit avslag som kan påklagast. Klageinstans vil vere Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Avslag – klage
Avslag på krav om innsyn vil komme skriftleg og vil ha henvisning til aktuell lovbestemmelse for avslaget, samt opplysning om 3 veker klagefrist jfr. forvaltningsloven § 29.
Sjølve klageprosessen er nærmare beskreve i offentleglova § 31 og §32
Tenk på følgjande før du sender e-post eller brev til oss:
- All post til og frå kommunen, som ikkje er underlagt taushetsplikt, blir publisert i fulltekst på postlista. Det betyr at du kan finne brevet ditt omtalt eller sitert i sin heilheit i media.
- Du skal ikkje sende sensitive opplysninger i e-post da dette ikkje er ein sikker forsendelsesmåte.
For meir informasjon om innsyn og offentlegheit kan du besøke datatilsynet sine heimesider.
Innsynsrett
Her finn du informasjon om innsynsrett