Retningslinjer for kommunal gravferd

Gravferd er eit privat ansvar. Men i tilfelle der den avdøde ikkje har etterlatte, eller dei etterlatte ikkje ønskjer eller kan ta ansvaret for gravferda, seier Gravferdsloven at kommunen må sørgje for ei verdig gravferd. Dette blir kalla kommunal gravferd, jfr §9 Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (Gravplassloven).

Kommunal gravferd skjer i desse tilfella

  • Ved dødsfall der politi, sjukehus, helseinstitusjon eller Kyrkjeleg Fellesråd ikkje finn nokon som ønskjer eller kan ta ansvar for gravferda. 
  • Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal dette skje i kommunen der avdøde budde ved dødsfallet.
  • Dersom avdøde ikkje var busett i Norge, og ingen tek på seg ansvar for gravferda, vil det vere den kommunen, der dødsfallet fant stad som må sørgje for dette. 

Dersom ein ikkje finn nokon som vil eller kan ta ansvar for gravferda, blir Servicekontoret i Surnadal kommune kontakta. Da blir prosessen sett i gang for å gjennomføre ei kommunal gravferd.

Likheitsprinsippet gjeld ved kommunal gravferd

Gjennomføring av kommunale gravferder i Surnadal byggjer på likheitsprinsippet, som betyr at innhaldet i kvar gravferd skal vere tilnærma likt. Behov for informasjon utad skjer ved annonsering. I tillegg skal kostnadane i samband med kvar gravferd liggje på same nivå. 

Kostnadane for ei kommunal gravferd bør liggje på nokolunde same beløp som gravferdsstønaden som pårørande eller kommunen kan søkje om hos NAV, og ikkje overskride maksbeløpet. Desse rammene gir svært avgrensa moglegheit for familie og vener til å påverke gjennomføringa av gravferda. 

Det praktiske rundt gravferda kan kommunen overlate til eit lokalt gravferdsbyrå. Kommunen kan krevje utgiftene dekka av dødsbuet. 

Kommunale gravferder skal vere verdige og ta omsyn til avdøde si tru eller livssyn, dersom det er mogleg å finne ut av. 

Pårørande kan sjølv ta ansvar for gravferda 

For at ei gravferd skal bli mest mogleg tilpassa den avdøde, er det beste alternativet at ein pårørande tek ansvar for gravferda. Den som tek på seg dette ansvaret kan bestemme rammene for gravferda; innhald i ein eventuell seremoni, stad og form for gravlegging. 

Dersom ein pårørande er i tvil eller usikker på kva ansvaret inneber, vil eit gravferdsbyrå kunne gi råd og støtte undervegs. Det er fleire gravferdsbyrå å velgje mellom. Meir informasjon finn ein på nettsidene til kvart enkelt byrå.

Gravferdsstønad

For pårørande som sørger for gravferda, er det mogleg å få dekka kostnadane gjennom eventuelle verdiar i dødsbuet. Dette gjer at gravferda ikkje treng å bli ei økonomisk belastning for den som tek på seg ansvaret. 

Om det ikkje er pengar i dødsbuet, kan pårørande søkje om gravferdsstønad frå NAV for å få dekka faktiske og nødvendige utgifter til gravferda. Også kommunen kan søkje gravferdsstønad. Stønaden er behovsprøvd. 

Om gravferdsstønad frå NAV. 

Gravferdsbyråa kan bidra slik at summen ikkje overskrid maksimumsbeløp for stønaden. Ved kommunal gravferd vil Surnadal kommune søkje om å få dekka dei direkte kostnadene gjennom dødsbuet.

Gjennomføring av kommunal gravferd 

  • Annonsering i avisene Driva og Tidens Krav med informasjon om tid og stad for seremoni. Annonsen blir underskriven med «Vener». 
  • Ein seremoni i ei av Surnadal kommune sine kyrkjer/ seremonirom(Kulturhuset), inkludert enkel blomster på kiste, musikkinnslag og tale. 
  • Det er ikkje opna for syning eller open kiste i samband med gravferda.
  • Ved kommunal gravferd er det vanleg med kiste og gravstøtte, men etter kvart blir det meir vanleg med kremasjon og namneplate i minnelund.
  • Kommunen er ansvarleg for grava dei første 20 åra etter dødsfallet. Deretter blir grava sletta, støtte eller namneplata blir fjerna.
  • Økonomitenesta sender krav på utgifter til dødsbuet/bustyrar. 
  • Surnadal kommune kan, etter avtale, overlate ansvaret for den kommunale gravferda til Kyrkjeleg Fellesråd. Det må i det tilfellet bli gjeve ei fullmakt frå kommunedirektøren til Kyrkjeleg Fellesråd.

Avdøde si tru og livssyn 

Ein stor del av Norge si befolkning er tilknytt statskyrkja, og normalen vil derfor vere kyrkjeleg gravferd. Om det er usikkert rundt trusretning, må Surnadal kommune undersøkje om kva slags trus- eller livssynssamfunn den avdøde var medlem av. Dette samfunnet vil da bli bede om å bistå med talar i seremonien. Dersom eit eventuelt medlemskap ikkje kan stadfestast, blir seremonien gjennomført i ein mest mogleg nøytral form. 

Avdøde sine ønskje om kistegravlegging eller kremering 

I samband med kommunal gravferd kan det takast omsyn til ønskje frå avdøde, dersom det er skrive ned i eit dokument som er underteikna av avdøde. Dersom det kjem fram at avdøde hadde klare ønskje om val mellom kistegravlegging eller kremering, vil dette ønskje bli etterkome. Kommunen har ansvar for gravplass og minnelund i kommunen, men utanfor kommunen er det pårørande sitt ansvar. 

Annonse underteikna med «Venner» 

Om det er ukjent kva slags relasjonar avdøde har hatt gjennom livet, kan kommunen ikkje ta stilling til namn på pårørande i annonsen. Annonsen blir underteikna med «Venner».

Retningslinjene er vedtatt i kommunestyret 18.02.2025