Eigedomsskattekontoret

Egedomsskattekontoret er underlagt økonomiavdelinga i kommunen.

Kva gjer eigedomsskattekontoret?

Eigedomsskattekontoret er eit administrativt apparat som tar hand om den løpande forvaltninga av eigendomsskatten.

  • Oppdaterer oversikt over skatteobjekt i kommunen
  • Sørger for årleg utskriving av eigedomsskatt i samsvar med gjeldande budsjettvedtak og fastsette retningslinjer etter lova sin frist (esktl. §§ 14 og 15), samt sender ut eigedomsskatteseddel til alle eigarar og legg ut eigedomsskattelista til offentleg ettersyn
  • Utarbeider og vedlikeheld rutinar for å få oversikt over endringar og nye skatteobjekt frå kommunens byggesakskontor
  • Sørger for at det blir utført taksering av nye skatteobjekt og endring av andre skatteobjekt pr. 1. januar innan 1. mars
  • Sørger for utfakturering av eigedomsskattekrav saman med øvrige kommunale avgifter
  • Mottar klager som gjeld eigedomsskatt (esktl. § 19)
  • Er sekretariat for sakkyndig nemnd og sakkyndig klagenemnd for eigedomsskatt, utarbeider saker til behandling, samt ekspederer vedtak
  • Kan utstede pålegg til eigaren (skattytar) om å gi opplysningar som er nødvendige for korrekt utskriving, og kan ilegge forsinkelsesavgift (esktl. § 31)
  • Tar stilling til om klagar på utskrivingsvedtak som er for seint innkomne skal avvisast eller realitetsbehandlast

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
Eigedomsskattekontoret
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

e-post: post@surnadal.kommune.no

Lenker

Myndigheit og oppgåvefordeling i eigedomsskattesaker (KS)

Retting, omtaksering og klagebehandling i eigedomsskattesaker (KS)