Korleis bruke HelsaMi

Kva er HelsaMi? Via app eller nettlesar kan du få oversikt over helseopplysningane dine og dialog med helsevesenet - enkelt og trygt.

Kven kan bruke HelsaMi? 

  • Du som er over 16 år og treng helsehjelp eller omsorgstenester frå sjukehus og kommunar som brukar HelsaMi. Sjå oversikt på HelsaMi - Helseplattformen.  
  • Du kan også få tilgang som pårørande eller på vegne av eigne barn.

Korleis søke tilgang til barns HelsaMi-konto?

Søk om tilgang - Klikk for stort bilde

Er opplysningane mine trygge i HelsaMi?

Ja, du loggar inn med lD-porten på same måte som andre offentlege tenester.

Kva kan eg bruke HelsaMi til?

  • Oversikt over timeavtalar. 
  • Sjå helseopplysningar og prøvesvar. 
  • Brev og meldingar. 
  • Videokonsultasjonar. 
  • Og mykje meir.

Må eg bruke HelsaMi?

Nei, det er heilt frivillig. Du kan bruke telefon og brev i posten som før.

Spørsmål og svar om HelsaMi