Fastlege og legevaktFastlegen er hovedkontakten inn i helsevesenet. Dersom det er muleg, skal ein alltid kontakte fastlegen først.Få eller bytte fastlegeDet er kommunen som har ansvaret for at du får fastlegetenester. Du kan sjølv finne og bytte fastlege i Surnadal ved å logge inn på helsenorge.no. Du kan også sette deg sjølv eller barna dine på venteliste dersom fastlegen har venteliste. Skal du skaffe fastlege på vegne av nokon over 16 år, må du ha fullmakt. Informasjon om fastlegeordninga (helsenorge.no)Kontakte legehjelpSurnadal Legesenter og fastlegane der har ansvar for innbyggjarane sine behov for allmennlegetenester på dagtid. Legane har også ansvar for legevaktberedskapen på dagtid. Her er seks stillingar for fastlegar og ein turnuslege.Ring 71 65 78 00 for fastlege i kontortid. Surnadal legesenter sine nettsiderRing 113 når det er akutt og det kan stå om liv og helse. Nettsidene for 113.no Ring Legevakt 116117 utanom fastlegen si kontortid. Nettsidene for Legevakta i Orkdalsregionen Her finn du LegevaktaFrå 1. februar 2024 held Orkland legevakt til i Tunvegen 15, 7320 Fannrem i Orkland kommune.Nyttige lenkerFrikort og eigenandelarBytte fastlegePasientreiserKjernejournalReseptarEuropeisk helsetrygdekortVel behandlingsstadMine vaksinerHelse Midt-NorgeNAV Sist endret 12.06.2025 10:26