Få eller bytte fastlege
Det er kommunen som har ansvaret for at du får fastlegetenester. Du kan sjølv finne og bytte fastlege i Surnadal ved å logge inn på helsenorge.no. Du kan også sette deg sjølv eller barna dine på venteliste dersom fastlegen har venteliste. Skal du skaffe fastlege på vegne av nokon over 16 år, må du ha fullmakt.
Kontakte legehjelp
Surnadal Legesenter og fastlegane der har ansvar for innbyggjarane sine behov for allmennlegetenester på dagtid. Legane har også ansvar for legevaktberedskapen på dagtid. Her er seks stillingar for fastlegar og ein turnuslege.
Ring 71 65 78 00 for fastlege i kontortid
Ring 113 Medisinsk nødtelefon når du trur det er akutt og det kan stå om liv og helse
Ring Legevakt 116117 utanom fastlegen si kontortid dersom det ikkje kan vente
Aktuelle lenker;
Frikort og eigenandelar
Bytte fastlege
Pasientreiser
Kjernejournal
Reseptar
Europeisk helsetrygdekort
Vel behandlingsstad
Mine vaksiner
Helse Midt-Norge
NAV