Kapittel 5: Kino og kulturhus

Klikk for stort bilde

Surnadal kulturhus hadde offisiell opning 18. januar 2002. Kulturhuset er definert som regionalt kulturhus for Surnadal, Rindal og Halsa. Huset inneheld lokale for Surnadal og Rindal kulturskole, bibliotek, kinosal, konsert/teatersal med tilhøyrande infrastruktur, galleri, rockerom (undervisningsrom for kulturskolen og øvingsrom for lokale band), døgnopen hotellresepsjon med billetthandtering, konferansesal og eit møterom.

Kulturhuset er eit flott og iaugefallande bygg, som har ei god og sentral plassering på Skei. Storstuå har ei stor scene og eit sceneområde med dei fleste fasilitetar. Huset er brukarvennleg både for artistar og publikum, sjølv om ein no merkar at huset er nærare tjue år. Slitasje på bygning og utstyr fører til nødvendig utskifting før skavankane blir for merkbare. Ein må også ha i mente at den tekniske utviklinga har tatt kvantesprang i denne tida, og at kulturhuset difor skulle hatt kapasitet til t.d. å straume kulturhendingar på ein saumlaus og trygg måte. Der er vi ikkje i dag. Og dette kan bli meir merkbart etter at ein truleg vil nytte meir av den slags teknologi som eit alternativ for konferansar o.l. Dette har eit spennande potensial for å utvikle kulturhuset vidare!

Mål

 Surnadal kulturhus skal vere ein kulturell motor og eit av dei mest innhaldsrike og moderne kulturhusa i regionen.

Status

Surnadal kulturhus vart i starten drive som eit eige BA. Sidan 1. januar 2008 har det vore ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Thon Hotel Surnadal (tidlegare Vårsøg).

Denne avtalen har vore endra opp gjennom åra, og per i dag kjøper Surnadal kommune tenester av hotellet som billettsal frå resepsjonen og reinhald. Kultureininga i Surnadal kommune har frå september 2014 vore plassert i kulturhuset.

Aktiviteten på kulturhuset er stor, om ein ser vekk frå nedstengte periodar under korona-pandemien.

Kulturskolen bruker mange av romma dagleg. Det er stor aktivitet på kulturformidlingsfronten, der det er ei god blanding mellom amatørar- og profesjonelle aktørar som bruker scenen til forestillingar og øving. Utstillingslokalet blir ofte bruka, der kunstforeininga er ein god samarbeidspart. På kinoen har vi ein merkbar publikumsauke etter at vi fekk tilgang på fleire premierar gjennom digitaliseringa. Og møtelokalet Svorka er mykje bruka av hotellet og til politiske møte.

Mulegheiter og utfordringar

Vi har behov for å nå ut med det vi tilbyr, og det betyr at marknadsføring blir veldig viktig. Sosiale media er ei god mulegheit, men også ei utfordring. Reklamekampanjar nasjonalt og medieomtale av nye filmar er heilt uvurderleg i marknadsføringsamanheng.

I framtida ser vi at det er forskjellige tekniske utfordringar vi må hanskast med. Forutan synleg slitasje på hus, interiør og tekniske løysingar, er det også ei rivande utvikling i kinoteknologien. Om kinoen skal konkurrere med «heimekino», er det heilt naudsynt at investeringar blir gjort innan rimeleg tid.

Kulturen i Surnadal treng ein «blackbox», den bør vere i tilknyting til kulturhuset og kulturskolen. Eit slikt rom vil vera viktig for drama, dans, teater og musikkmiljøet.

Handlingsplan for planperioden 2021 - 2025

Kulturplan 2021 - 2025, tiltak kino og kulturhus
Tiltak
Samarbeid med senioruniversitet og Folkeakademiet om sosiale «spaserstokk-tilbod», medr. eigen filmklubb for dei som vil oppleve kultur på dagtid
Strauming av kulturelle opplevingar som konsertar og teater
Utvikle «pakketilbod» for klassebesøk eit par gongar i året; som utstilling + bibliotekbesøk + gratis kortfilm

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 - 2020

Rapport frå 2017 - 2020 på tiltak kino og kulturhus
Tiltak Kva har skjedd i perioden
Dagtilbod på kino og fleire faste kinoframvisningar. Det blir vist kino på dagtid når vi har filmar som er tilpassa målgruppene som har moglegheit til å kome på dagtid. Det kan vere barn og unge i jule- og påskeferiar, turnusarbeidarar og pensjonistar eller andre som har fri på dagen
Etablere eit blacboxtilbod i tilknyting til kulturhuset. Dette er ikkje gjort, det har ikkje vore etterspørsel etter det og vedlikehaldet på den scenen vi har er påtrengande.
Kjøpe inn teknisk utstyr som er tilpassa dei «krav» som bransjen stiller, innafor lyd, lys og scenografi Dette er ikkje gjort i planperioden. Det er dårleg økonomi så dagleg vedlikehald blir prioritert ned.
Styrke samarbeidet og den kulturelle satsinga på kulturhuset. Det blir arbeidd godt opp mot frivillige aktørar innan kulturlivet i Surnadal.
Reorganisere programrådet Dette er det ikkje fokusert på, da det ville fungert byråkratisk og tidskrevjande
Legge til rette for det lokale kulturlivet slik at dei bruker huset til sine prosjekt. Passe på at dei faste prosjekta, som mellom anna «russerevyen», «GM5» og «10. klasseprosjektet», er i årshjulet. Det meiner vi at vi har lukkast godt med. Det har i ettertid også kome til nye tradisjonar som julekonsert og julemarknad.
Utvikle tilbodet og bruken av kulturhuset. Mange av kulturhusa har større publikumskapasitet enn oss. Det gjer det utfordrande å få tak i store namn, da dei legg seg på eit honorar som er tilpassa større billettinntekter enn det vi kan få inn. Slik sett må vi ta omsyn til at vi har eit avgrensa inntektspotensial, og det fører til av vi må planlegge ut frå det – og heller satse på å få inn artistar som vil leige sjølv. Det gjer at vi sjølvsagt ikkje har «full styring» med tilbodet.
Ta med ungdomsrådet på å sjå på bruken av huset minst to gonger i året. Opprette ei referansegruppe med ungdommar. Vi har kome fram til at det er nok med eit årleg møte med ungdomsrådet for å få tilbakemeldingar på drifta av kulturhuset.
Arrangere ungdomsmusikal Ikkje gjennomført, men vi samarbeider gjerne om nokon tek eit slikt initiativ.
Halde Finstuå meir open som utstillingslokale Det har vore mange utstillingar dei seinare åra.
Fleire danseforestillingar Kulturskulen har vore svært aktive dei siste åra, både med eigne og deltaking i andre sine forestillingar.
Konsertar og forestillingar med nasjonale aktørar Dette er noko vi har hatt som tilbod gjennom alle åra kulturhuset har eksistert. Tilbodet har sjølvsagt vore redusert under koronapandemien.