Alle elevar på 1., 2. og 3. trinn med SFO-plass, skal få 12 timar gratis SFO per veke.
Dette følger av § 1B-4. Med «timar» i bestemmelsen, meines klokketimar på 60 minutt.
Kven kjem inn under ordninga?
Alle første-, andre- og tredjeklassingar som er innvilga SFO-plass er omfatta av ordninga. Dette gjeld både elevar som har heiltids- og deltidsplass i SFO. Dersom eleven vel å berre bruke SFO 12 timar i veka skal tilbodet vere gratis for eleven.
Ein melder seg på dei ordinære SFO-øktene ein ønskjer å bruke, og får fråtrekk for
dei første 12 timane ein er påmeld.
Øktene reknast tidsmessig frå opningstida til SFO og fram til
skulestart om morgonen på den enkelte skule, og frå skuleslutt til kl. 16.30 kvar dag.
For dei som er påmeld økter som utgjer fleire timar enn dei 12 gratis timane, betalar resten av
opphaldstida etter vedtekne betalingssatsar. Dette blir automatisk ordna gjennom fagsystemet Visma Flyt Skole, og vil bli synleg på fakturaen.
Dersom ein er påmeld mindre enn 12 timar, vil ein ikkje få faktura.