Kikhoste er svært smittsamt og er spesielt alvorleg for dei minste barna, som kan bli alvorleg sjuke.
God vaksinasjonsdekning i befolkninga begrensar smittespreiing, men verken vaksinasjon eller gjennomgått sjukdom gir varig beskyttelse. Difor kan vi av og til få ei oppblomstring av kikhostebakterien, slik vi har i Midt-Norge no.
Kikhoste kan i starten likne ein vanleg luftvegsinfeksjon, men etter kvart vil ein få kraftig, anfallsvis hoste. Denne hosten kan vare i veker og månader, derav namnet «hundredagarshoste».
Oppdatering: Når bør du kontakte lege?
Legesenteret melder om mange henvendelsar om kikhoste og slit med kapasitet, og kan per i dag ikkje besvare generelle henvendelsar om sjukdommen. Kommuneoverlegen anbefaler at pasientar med kraftig og/eller langvarig hoste uten anna kjent lungesjukdom, bestiller time for test på kikhoste.
FHI sine råd til befolkninga
- Følg anbefalingane om vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet, og det nye tilbodet om kikhostevaksine til gravide
- Hugs å ta oppfriskningsdose kvart 10. år
- Kikhoste liknar på andre forkjølelsar første veka, før den kraftige hosten startar. Kraftig hoste kan vere kikhoste, og kontakt med lege må vurderast.
- Ved påvising av kikhoste, kan antibiotikabehandling som blir starta i løpet av dei første 3 vekene mildne og forkorte sjukdomsforløpet. Det gjeld personar i alle aldre.
- Familiar med spedbarn bør begrense besøk av personar som har forkjølelsessymptom
- Ha låg terskel for å oppsøke lege ved sjukdom hos spedbarn under 3-månedersalder
Kommuneoverlegen følger utviklinga av smittesituasjonen. God hånd- og hostehygiene kan begrense smittespredning.
Om kikhoste på FHI sine nettsider
Informasjonsside om kikhoste og vaksine hos helsestasjonen i Surnadal.