Kommuneoverlege

Foto av kommuneoverlege Bjørn Buan. - Klikk for stort bildeBjørn Buan Surnadal kommune

Bjørn Buan er kommuneoverlege i Surnadal kommune

Kva gjer kommuneoverlegen?

Kommuneoverlegen har forskjellige oppgåver og eit overordna ansvar fordelt på tre hovudområde:

  • medisinskfagleg rådgivar for kommunen i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-5
  • smittevern og helseberedskap
  • miljøretta helsevern

Kommuneoverlegen deltek i kommunens kriseleiing med ansvar for medisinskfagleg bidrag til beredskapsplanlegging.

Kommuneoverlegen har ansvar for medisinskfagleg bidrag til kommunens folkehelsearbeid og til kommunens samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Kommuneoverlegen har delegert myndigheit til å fatte vedtak og gi pålegg om retting i forhold som verkar negativt på folk si helse eller som inneber brot på lov eller forskrift (miljøretta helsevern).

Legetenester

Kommuneoverlegen har ansvaret for kommunens legetenester. Kommuneoverlegen jobbar ikkje klinisk. Har du spørsmål om eiga helse, skal du kontakte fastlege, legevakt eller 113.

Klage

Du kan rette klage på tilgjengeligheit og organisering av legetenester til kommuneoverlegen. 

Klage på lege, sjukehus eller andre helsetenester

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettigheiter som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

Gå til helsenorge.no for råd om korleis du kan klage