Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er eit arbeid som foregår i tett samarbeid med kommuneoverlegen i dei ulike kommunane. 

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for Surnadal, Sunndal, Rindal, Heim og Tingvoll, med kontorstad i Surnadal. 

Korleis arbeider vi?

Vi arbeider ut i frå krava i Folkehelselova og nyttar ofte tilsyn som metode. Vi vil mest av alt vera med i forkant ved planleggjing av nye bedrifter og orientera om krava som er knytta til den enkelte bransje.

Når tek du kontakt med oss?

Dersom du  skal  etablere ei teneste som påverkar helsa til brukarane dine må du berre ta kontakt. Dette kan vera:

  • Starte frisørsalong
  • Drive med hudpleie
  • Starte med tatovering
  • Etablere dusjanlegg og boblebad

Ta kontakt så får du orientering om lovverk og utdelt meldeskjema/søknadsskjema.