Prisar på ulike opphald ved sjukeheimen

Korttidsopphald

Ved korttidsopphald skal pasienten betale eigenandel for opphald i institusjon etter ein fast sats pr. døgn dei første 60 døgn i kalenderåret.

Dersom pasienten får fleire korttidsopphald som gjer at vedkomande passerer 60 døgn i institusjon i eit kalenderår, blir betalinga utrekna etter inntekt frå og med det 61. døgnet, med frådrag for bu-utgift i eigen heim.

For korttidsopphald på institusjon er den maksimale eigenandelen kommunen kan kreve kr. 185,- pr døgn. For dag-/ nattopphald er maksimalsatsen kr. 105,-

Langtidsopphald

For dei som har fått langtidsopphald skal betalinga for opphaldet utreknast etter inntekt, men får da ikkje frådrag for bu-utgifter i eigen heim.

Dersom pasienten får langtidsopphald før vedkomande har hatt opphald i 60 døgn i kalenderåret, har pasienten rett på ein betalingsfri månad, for deretter å betale etter inntekt.

Dagtilbod

Betalingssats 2024 for dagtilbod ved dagsentret er kr 330,-  og inkluderer aktivitetar, mat og transport til og frå.