I 2025 var det 140 jordbruksføretak i Surnadal kommune som søkte og fekk produksjonstilskot. For husdyr var det fordelt slik:
- 41 med mjølkekyr (1598 dyr)
- 15 med ammekyr (301 dyr)
- 38 med sau (2955 vinterfôra dyr)
- 9 med ammegeit (76 dyr)
- 5 med slaktegris (2497 dyr)
- 3 med avlspurker (75 dyr)
- 5 med verpehøner (15 024 dyr)
- 1 med slaktekylling (86 649 dyr)
Det dyrkast vel 36.200 dekar jordbruksareal, mest gras til fôr og beite. Det vart i 2025 produsert korn på 5103 daa, noko som gjer Surnadal til kommunen med mest kornproduksjon i Møre og Romsdal.
Verdiskapinga i jordbruket i Surnadal kommune per 2020 er i bruttoprodukt oppgjeve til 77,28 mill.kr og årsverk (à 1845 timar) på 164,29.
I Surnadal var det i 2025 vel 281.400 dekar produktiv skogareal med furu, gran og lauvtre.
Sjå bakgrunnen desse tala og meir i tabellform på NIBIO sitt arealbarometer.
Vi i landbruksforvaltninga i Surnadal deler meir og mindre aktuelle saker for dei i landbruket på Facebooksida Landbrukskontoret i Surnadal Kommune.
Næringsplan 2021-2025 for Surnadal Kommune.