Gjødsling

For å planlegge og dokumentere gjødsling etter jordas behov, er gjødselplan obligatorisk om du søker produksjonstilskot. Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er kun tillatt i perioden 15. februar til 1. november. 

All spreiing av gjødsel skal gjerast i samsvar med gjødselplana og helst så tidleg i vekstsesongen at det blir ein gjenvekst som kan haustast eller beitast.

Lokal forskrift (PDF, 120 kB) seier mellom anna:

  • Frist for spreiing på eng utan nedmolding/nedpløying: 20. september
  • Siste frist for spreiing ved nedmolding/nedpløying innan 18 timar: 31.oktober

NB! Det er ikkje lov å spreie gjødsel på snødekt eller frosen mark.

Verken kommunen eller fylkesmannen kan gi generell utsetting av husdyrgjødsel frå og med 1. november.

Skal du søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP) for Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen er siste frist for spreiing er 10. august. Meir om RMP.

Meir informasjon:

Landbruk Nordvest kan utarbeide gjødselplan.

Forskrift om gjødselplanlegging

Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav har også krav til spreieareal og gjødseldyreniningar. Hensikta med spreiearealkravet er å tilpasse tilførselen av næringsstoff til plantanes behov og begrense mogelegheitene for avrenning og utvasking av næringsstoff. Det er teke utgangspunkt i eit krav om maksimum 14 kg fosfor pr. 4 dekar. Dette tilsvarar om lag den årlege mengda fosfor som skiljast ut fra ei mjølkeku ( = ein gjødseldyreining, GDE).

Ved nybygg, utviding og utbetring av gjødsellager skal kommunen godkjenne plan før arbeidet kan gjennomførast. Lagringskapasiteten for husdyrgjødsel skal være minimum 8 månader.