Kven får tilbod om vaksine?
Det kommunale vaksinasjonstilbodet gjeld personar som er i risikogruppene for influensa og korona.
Dette omfattar alle 65 år og eldre, og andre som tilhøyrer risikogruppene.
Personar som ikkje er i risikogruppene, kan ta kontakt med apotek dersom dei ønskjer influensavaksine.
Bestill time i HelsaMi
Timebestilling i HelsaMi opnar i veke 42 (f.o.m. måndag 12. oktober).
Slik bestiller du:
- Opne HelsaMi-appen
- Gå til menyen og vel «Bestill time»
- Vel Surnadal kommune
- Vel fagområdet «Helsestasjon»
- Fyll ut informasjonen du blir spurd om
- Vel tidspunkt for vaksinering
Frå måndag 2. november kan du også bestille time ved å sende SMS eller ringe 913 79 001.
Bestiller du med SMS, må du oppgi:
- namn
- fødselsdato
- kva vaksine du ønskjer
Tid og stad
Helsestasjonen ved kommunehuset på Skei
Vaksineringa går føre seg:
Måndag 9. november, tysdag 10. november og onsdag 11. november, mellom kl. 09.00 og 15.00.
Hugs å bestille time før du møter.
Ha på klede med erme som er enkle å brette opp. Er du sjuk, skal du ikkje møte til vaksinering.
Pris
- Influensavaksine: 310 kroner
- Koronavaksine: 110 kroner
- Influensa- og koronavaksine samtidig: 395 kroner
Du kan betale med kort eller Vipps.
Tilbod om pneumokokkvaksine
Personar som er fødde i 1960 og 1961, får tilbod om pneumokokkvaksine på helsestasjonen.
Pris: 110 kroner.
Andre som ønskjer eller har spørsmål om pneumokokkvaksine, må ta kontakt med fastlegen sin.
Vel møtt til oppsett time!