Kva gjer du dersom mobilnettet og internett sluttar å fungere?

Frå 26. oktober til 1. november er det Eigenberedskapsveka. I år handlar den nasjonale kampanjen om korleis vi kan førebu oss på situasjonar der mobilnettet og internett ikkje fungerer som normalt. Nokre enkle førebuingar kan gjere ein stor forskjell.

Vi er vante til å bruke mobilen til det meste – å kontakte familie og venner, betale, finne informasjon og få hjelp. Men kva gjer vi dersom mobilnettet eller internett blir borte over lengre tid?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) oppmodar alle til å tenke gjennom korleis dei kan klare seg utan digitale tenester i ein periode.

Slik kan du førebu deg

  • Avtal med familie og venner korleis de kan halde kontakt dersom telefon og internett ikkje fungerer.
  • Skriv ned viktige telefonnummer og adresser på papir, slik at du har dei tilgjengelege utan mobilen.
  • Ha ein batteridriven DAB-radio slik at du kan få informasjon frå styresmaktene dersom andre kanalar ikkje fungerer.
  • Lad opp batteribank og utstyr
  • Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
  • Tenk gjennom korleis du kan betale dersom digitale betalingsløysingar er utilgjengelege.
  • Sørg for grunnleggande eigenberedskap heime, med mellom anna drikkevatn, mat, varme og nødvendige medisinar for ei veke.
  • Ver kjeldekritisk og bevisst på at du kan vere utsett for desinformasjon under kriser.

Kor får du informasjon dersom nettet er nede?

Ved ei krise er det viktig å få korrekt og oppdatert informasjon. Dersom mobilnettet og internett ikkje fungerer, kan det bli vanskeleg å nå fram med informasjon gjennom nettsider, sosiale medium og telefon.

DSB oppfordrar derfor kommunane til å planlegge alternative måtar å informere innbyggarane på, mellom anna gjennom fysiske informasjonspunkt. 

Surnadal kommune har følgande rutiner ved langvarig bortfall av strøm og elektronisk kommunikasjon:

  • I Surnadal kommune er kommunehuset på Skei informasjonspunkt for innbyggarane. Her møter kriseleiinga og herifrå blir distribusjon av informasjon til innbyggarane planlagt og koordinert i samarbeid med beredskapsaktørane og tenestene i kommunen. 
  • I grendene vil det ved langvarig bortfall bli gitt informasjon ved nærbutikkar og oppvekstsenter om kor ein kan henvende seg eller få hjelp. Frekvensen på oppdateringar av informasjon vil vere tilpassa situasjon og følge anbefalingar frå myndigheitene. Vi vil forsøke å nå ut med informasjon så snart som mogleg, men vil ikkje alltid kunne imøtekomme behovet for rask informasjon.
  • Surnadal sjukeheim kan bli etablert som informasjonspunkt ved akutt behov helsehjelp dersom det ikkje er mogleg å nå nødetatane. 
  • Lokale brannmannskap og beredskapsvakta i kommunen vil lytte på jaktradio kanal Jakt 1 for viktige beskjedar.
  • Hugs at lokale informasjonspunkt ikkje erstattar din eigenberedskap. 

Lokale markeringar under kampanjeveka

Sanitetsforeninga har stand ved Alti kjøpesenter der du kan få tips til god eigenberedskap. Åsskard bygdekvinnelag arrangerer aktivitetar om eigenberedskap for barn på Mjøksanden.

Les meir hos DSB