Surnadal og Sunndal kommunar går, saman med dei andre kommunane i IKT Orkidé-samarbeidet, over til eit nytt system for kommunale gebyr og eigedomsskatt frå årsskiftet.
Vi arbeider for at overgangen skal påverke innbyggarane minst mogleg, men førebuingane fører til nokre endringar i avlesing og fakturering.
Avlesing av vassmålar i veke 44
Alle abonnentar med vassmålar får brev eller SMS om avlesing i veke 44 (26. oktober–1. november). Fristen for å melde inn målarstanden blir kortare enn vanleg.
Du kan melde inn målarstanden på ein av desse måtane:
- SMS: Følg rettleiinga dersom du får melding om avlesing på SMS.
- E-post: Send målarstanden til adressa som er oppgitt i skjemaet.
- Personleg levering: Lever utfylt skjema i resepsjonen på kommunehuset.
Vi ber om at avlesingsskjema ikkje blir sendt i posten i år.
Dersom vi ikkje får målarstanden innan fristen, blir vassforbruket berekna ut frå tidlegare forbruk.
Endringar i faktureringa
Overgangen til nytt system fører også til nokre endringar i utsendinga av fakturaer:
- 4. termin 2026: Fakturaen blir sendt ut litt tidlegare enn vanleg, men har same betalingsfrist som før: 20. desember 2026.
- Vassmålaroppgjeret: Kjem på eigen faktura så snart det er klart, med betalingsfrist 20. mars 2027.
- 1. termin 2027: Blir fakturert som vanleg, med betalingsfrist 20. mars 2027.
Vi oppmodar alle til å kontrollere fakturaen for første termin i 2027 ein ekstra gong, slik at eventuelle feil kan fangast opp.
Vi takkar for samarbeid og forståing i forbindelse med overgangen til det nye systemet.