Surnadal blir berekraftkommune - kva betyr dette?

FN berekraftmålDen 5. februar 2020 vedtok eit samla kommunestyre at Surnadal kommune skal bli berekraftkommune. Fleire og fleire kommunar og fylkeskommunar tek i bruk FN sine 17 berekraftmål frå 2015 som rammeverk for planarbeidet sitt. I følge FN sin definisjon handlar berekraftig utvikling om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mulegheiter til å få dekt sine behov. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

At Surnadal kommune no blir berekraftkommune betyr sjølvsagt ikkje at kommunen ikkje har lagt vekt på berekraft og miljø innan tenesteutvikling tidlegare. Kommunesektoren har i lang tid arbeidd med utfordringar knytta til klima, demografi og skilnader i levekår. Forventningane til kommunen som tenesteytar aukar, medan dei økonomiske rammene blir strammare. Ved å bruke FN sine berekraftmål i planarbeidet får kommunane nye verkty, arbeidsformer og tilnermingar som skal komme innbyggarane til gode.

  Her kan du lese om FN sine berekraftmål på FN sine temasider om dette. 

Dei mange grafiske symbola og målformuleringane som gjeld berekraftmåla, skal du nok som innbyggar finne referansar til i Surnadal kommune sine planar og i lokalpolitikken i åra som kjem. Berekraftkommunar vil heilt sikkert danne nettverk for utveksling av erfaringar og finne fram til gode måleindikatorar som viser utviklinga innan dei ulike berekraftmåla ein jobbar for og kva for gevinstar ein vil søke å oppnå på kort og lang sikt.

FN har berekna at 65 prosent av berekraftmåla ikkje vil være muleg å nå utan aktiv medverknad frå regionalt og lokalt nivå i dei 193 medlemslanda. Kommunane er nermast å kunne realisere politikken lokalt. Sosiale og miljømessige verknader er spredt over dei fleste kommunale tenenesteområda og kommunepolitiske prioriteringar vil påverke livskvaliteten til befolkninga gjennom alle steg i livsløpet frå barn til alderdom.

I ein rapport for KS (2019) har Asplan Viak utarbeidd ei oversikt over prioriterte mål i kommunalt og fylkeskommunalt planarbeid, med ein del eksempel på bruk av FN sine berekraftmål

 Last ned rapporten her (PDF, 2 MB)    

I Norge er mange av berekraftmåla oppfylt, men ikkje alle. Skal vi levere på berekraftmåla for ei felles framtid, må alle bidra framover. 

  

Det er Finansdepartementet som rapporterar til FN Agenda 2030 om framgangen i Norge når det gjeld status for berekraftig utvikling.
Den siste rapporten frå 2019 kan du lese her (kun tilgjengeleg på engelsk, desverre).