Startlån og tilskot

Husbanken har fleire verkemiddel som kan hjelpe innbyggjarane ved både kjøp og bygging av bustad. Det er kommunane som administrerer ordninga på vegne av Husbanken. Du kan kontakte lokalt NAV-kontor for råd og hjelp til søknad.

   

Kva er startlån?

Startlån kan bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem får mulegheit til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader.

Kven kan få startlån?

Ordninga er retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Bustaden som det blir gitt lån til skal være nøktern, egna og rimeleg i forhold til antal bebuarar og lokalt prisnivå.

Kva er tilskot? 

Bustadtilskot kan gis etter søknad til finansiering av små eller store ombyggingar og tilpassingar.
Å tilpasse ein bustad betyr å gjere den egna slik at du kan fortsette å bu i den sjølv om du har nedsett funksjonsevne.
Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert i sin heilskap ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.

Kven kan få tilskot?

  • husstandar eller enkeltpersonar som har behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsatt funksjonsevne
  • eldre som ønskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak for å kunne bli buande heime

Kva gis det tilskot til?

  • både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og til større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden
  • både leid og eigd bustad
  • utredning og prosjektering
  • tilskot til etablering for vanskelegstilte

Korleis søke startlån og tilskot frå kommunen?

Det er kommunen/NAV som behandlar søknaden din, men du søker via Husbanken sine nettsider.

Søk startlån og tilskot

Søknadsfrist: Fortløpande i løpet av året, men siste frist er 1. november.