Kva er startlån?
Startlån kan bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem får mulegheit til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader.
Kven kan få startlån?
Ordninga er retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Bustaden som det blir gitt lån til skal være nøktern, egna og rimeleg i forhold til antal bebuarar og lokalt prisnivå.
Kva er tilskot?
Bustadtilskot kan gis etter søknad til finansiering av små eller store ombyggingar og tilpassingar.
Å tilpasse ein bustad betyr å gjere den egna slik at du kan fortsette å bu i den sjølv om du har nedsett funksjonsevne.
Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert i sin heilskap ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.
Kven kan få tilskot?
- husstandar eller enkeltpersonar som har behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsatt funksjonsevne
- eldre som ønskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak for å kunne bli buande heime
Kva gis det tilskot til?
- både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og til større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden
- både leid og eigd bustad
- utredning og prosjektering
- tilskot til etablering for vanskelegstilte
Korleis søke startlån og tilskot frå kommunen?
Det er kommunen/NAV som behandlar søknaden din, men du søker via Husbanken sine nettsider.
Søk startlån og tilskot
Søknadsfrist: Fortløpande i løpet av året, men siste frist er 1. november.