Kven kan få BPA?
For å ha rett til å få BPA må du vere under 67 år, ha behov for bistand ut over 2 år og meir enn 32 timar per veke. Du kan også ha rett til BPA dersom hjelpebehovet ditt er mellom 25 og 32 timar per veke og kommunen din ikkje kan dokumentere at BPA vil vere dyrare enn andre tenestetilbod.
Dersom du har fått bistanden organisert som BPA før du fylte 67 år, gjeld retten også etter at du har fylt 67 år.
Dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan du ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA.
Det er kommunen som vurderer bistandsbehovet. Kommunen skal i samarbeid med pasienten vurdere om det skal vere tilbod om tenester i form av BPA.
Det er brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet assistentane utfører. Ved BPA er det eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg teken hand om.
Korleis får ein BPA?
Du kan få BPA ved å søke via vårt felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Her finn du informasjon om korleis søke.
Ta kontakt med oss dersom du treng meir informasjon eller rettleiing.
Når du har søkt, har vi plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak) enten du får innvilga BPA eller ikkje. Vedtaket skal vere grunngjeve, og innehalde informasjon om klagerett og klagefrist.
Du sender klagen din til kommunen. Kommunen tar mot klagen din og skal vurdere saka di på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar avgjerda si, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren gjer så endeleg vedtak om kva hjelp du skal få tilbod om frå kommunen.
Det finst pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan sjølv ta kontakt med pasient- og brukarombodet om du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som pasient, brukar eller pårørande eller hjelp med å utforme ein klage.
Meir informasjon finst i pasient- og brukarrettslova § 2-1 d.
BPA-leverandørar til vår kommune
Surnadal kommune har sidan 2022 inngått rammeavtale om BPA-tenester med desse leverandørane:
- Abcent AS
- Assent AS
- Brageva AS
- Ecura Hjemmetjenester og Bpa AS
- Hav AS
- JAG Assistanse AS
- Medvind Assistanse AS
- Mio BPA AS
- Prima Assistanse AS
- Stendi AS