Synskontakt

Ergoterapeuten er synskontakt i Surnadal kommune.

Kven får tilbodet?

Alle som har ei synsstyrke som er dårlegare enn 0,33 i visus har rett til synshjelpemiddel. Dette gjeld også om du har ein augesjukdom som gjer at synet blir dårleg/nedsett.

Synstest som viser visus kan takast hos vanleg optikar.

Eksempel på synshjelpemiddel: lupe/kikkertbriller, luper, lese-tv, talande klokke og så vidare.

Kva kostar det?

Alle hjelpemiddel som er utlånt frå Hjelpemiddelsentralen er gratis, men skal leverast tilbake til ergoterapeut eller vaktmeister for hjelpemiddel når det ikkje er behov for dei lenger.