Ergoterapi

Kva gjer ergoterapeuten?

  • kartlegg behov for hjelpemiddel
  • søkjer om hjelpemiddel
  • tilrettelegg bustad
  • kjem på heimebesøk
  • tar imot hjelpemiddel som er øydelagt eller ikkje fungerer lenger og sender dei til reparasjon
  • hentar inn hjelpemiddel når brukar ikkje lenger treng dei
  • låner ut hjelpemidlar frå kommunen sitt korttidslager til til dels ved skadar/sjukdom som er kortvarig (mindre enn 2 år)
  • er hørselskontakt
  • er synskontakt

Korleis få ergoterapi?

Ergoterapi får du etter kontakt med lege, fysioterapeut, heimeteneste, andre samarbeidspartnarar eller direkte kontakt på tel. 482 07 149.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.